Håvard Teigen
Distriktspolitikkens historie i Norge
Bibliographic Data
| ID | 21331700 |
|---|---|
| Authors | Gunnar Yttri (corresponding author) |
| Year | 2020 |
| Volume | 99 |
| Issue | 4 |
| Pages | 353-357 |
| Publication date | 2020-12-10 |
| Open Access | Yes |
| Type | ARTICLE |
| Venue | Historisk tidsskrift (JOURNAL) |
| Journal identifiers | ISSN: 0018-263X • E-ISSN: 1504-2944 |
| Publisher | Scandinavian University Press (PUBLISHER • NO) |
| DOI | 10.18261/issn.1504-2944-2020-04-12 |
| OpenAlex | W3111081161 |
| Language | EN |
Distriktspolitikk i Noreg vart for første gong formulert som politisk felt og iverksett i praksis etter den andre verdskrigen. Distriktspolitikken handla om særskilde tiltak for å stimulera næringsliv og busetjing i eit bestemt geografisk område. Startpunktet var satsinga på å byggja opp att Nord-Noreg. Då Distriktas utbyggingsfond (DU) vart skipa i 1961, markerte dette distriktspolitikkens nasjonale gjennomslag. I boka Distriktspolitikkens historie i Norge gjer forfattaren Håvard Teigen, professor i regional økonomi og politikk, greie for etableringa av Nord-Noreg-programmet og utviklinga av ein nasjonal distriktspolitikk. Han granskar den vidare utviklinga innanfor ramma av skiftande politiske regime og økonomiske konjunkturar i ulike tiår heilt fram til regjeringsskiftet i 2013. Sentralt i dette står 1960-åra med gjennombrotet for satsinga på vekstsenter, industrireisingas primat og dominans i distriktspolitikken fram til og med 1970-åra, reformuleringa og intensiveringa av distriktspolitikken i og med EF-striden og oljeøkonomiske ringverknader, distriktspolitikken under høgrebølgja i 1980-åra, nedlegginga av DU og opprettinga av Statens nærings- og distriktsutbyggingsfond (SND) i 1993, brytinga mellom regional og nasjonal næringspolitikk i det same tiåret, skipinga av Innovasjon Noreg i 2003, og til sist den innovasjonspolitiske vendinga ved inngangen til 2010-talet, der distriktspolitikken stundom kunne verta vurdert som ei sperre for etterlengta innovasjon i distrikta
Political science · European and International Law Studies · Geology · Political and Economic history of UK and US
| Highly cited | No |
|---|