Humor på alvor i litteraturundervisninga med «Anekdote» av Herman Wildenvey
Bibliographic Data
| ID | 21569784 |
|---|---|
| Authors | Marianne Røskeland (Western Norway University of Applied Sciences, corresponding author) |
| Year | 2022 |
| Issue | 48 |
| Pages | 1-10 |
| Publication date | 2022-01-11 |
| Open Access | Yes |
| Type | ARTICLE |
| Venue | Nordlit (JOURNAL) |
| Journal identifiers | ISSN: 0809-1668 • E-ISSN: 1503-2086 |
| Publisher | UiT The Arctic University of Norway (PUBLISHER) |
| DOI | 10.7557/13.6333 |
| OpenAlex | W4205388315 |
| Language | EN |
| References cited | 3 |
Artikkelen ønsker å undersøke kva ein kan få ut av å vektlegge humor i tekstar i litteraturundervisninga. Utgangspunktet er ulike inngangar til diktet «Anekdote» (1911) av Herman Wildenvey, og framstillinga er inspirert av diskusjonar med studentar i lærarutdanninga om humoren i diktet. Sentrale spørsmål er mellom anna om diktet er morosamt, kva eller kven ein i så fall ler av, og kva ein kan få ut av det i litteraturundervisninga. Dette blir diskutert i lys av ulike humorteoriar. Artikkelen søker å få fram korleis ulike tilnærmingar til humoren i diktet kan generere ulike lesemåtar og tolkingar. Særleg interessante er spørsmåla om kva verdiar og haldningar diktet kan målbere, og kva rolle humoren spelar i så måte. Humor har ulike funksjonar og er ikkje alltid kontrollerbar, men er ofte knytt til språkets fleirtydige karakter. Artikkelen argumenterer til slutt for å gi rom for refleksjon omkring humor i litteraturundervisninga i lærarutdanning og skule
Art · Humanities · Digital Storytelling and Education · Humor Studies and Applications · Literacy, Media, and Education
| Highly cited | No |
|---|